Flå kommune

Flå - Først i Hallingdal

Min side  Kontrast   English   Kart   Nettstedskart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ledige stillinger

 

Ein av dei mest spennande jobbane i Hallingdal

Regionrådet for Hallingdal er på jakt etter ny dagleg leiar.

Kanskje du er den rette.

Me søker etter ein kontaktskapande, utadvendt og kreativ person med vilje til innsats, for å bidra til positiv samhandling og utvikling i Hallingdal. Du er utviklingsorientert, sjølvstendig, har stor arbeidskapasitet, gode samarbeidsevner og eit sterkt engasjement for regionen. 

Du har høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå, god fagleg bakgrunn og administrativ erfaring frå offentleg eller privat sektor. Du må også ha relevant utdanning med kunnskap om kommunane som samfunnsutviklar.

Ta gjerne kontakt med Regionrådet for Hallingdal ved Solveig Vestenfor, ordførar Ål kommune, 98873422, for meir informasjon om stillinga.

Full utlysningstekst finn du på www.regionraadet.no

Søknadsfrist: 1.november 2019