Kontakt oss Ledige stillinger Min side

Hallingdal Barneverntjeneste

Interkommunalt samarbeid mellom kommunane i Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå. Ål kommune er vertskommune.

Barnevern logo-small.bmp

Hallingdal barnevernteneste har hovudkontor i Familiens hus på Ål. 
I tillegg har vi lokalkontor i kvar kommune der ein kan treffast etter avtale med sakshandsamar.

Hallingdal barnevernvakt- Tlf. 457 38 963

Telefon og postadresse som er felles for heile tenesta:

Hallingdal barnevernteneste- Tlf. 32 08 53 10

Postadresse:
Postboks 9
3571 Ål  

Hallingdal barnevernteneste sitt hovudkontor: Sundrevegen 95-97, 3570 Ål.  

Åpne filmen i ny fane

Opningstider og kontaktinformasjon

Opningstider ved hovudkontoret på Ål: 
Måndag – fredag kl. 09.00 – 15.00.

Hovudnummer: 32 08 53 10
Postadresse: Postboks 9, 3571 Ål
E-post: barnevern@aal.kommune.no

Barnevernleiar: Helene Sagabråten Tlf.: 32 08 53 10/953 68 284
E-post: helene.sagabraten@aal.kommune.no

Teamleiar mottak/undersøking og hjelpetiltak: Ingunn Viko Tlf: 32 08 53 10
E-post:ingunn.viko@aal.kommune.no

Teamleiar omsorg og familieteam: Camilla Svanaasen Joranger. Tlf. 32 08 53 10
E-post: camilla.svanaasen.joranger@aal.kommune.no

Både kommunane og staten har oppgåver og ansvar på barnevernsområdet.

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører arbeidet etter Lov om barneverntenester. Barnevernstenesta skal blant anna gi råd og rettleiing, foreta undersøkingar, treffe vedtak etter loven eller forberede saker for behandling i fylkesnemnda, setje i verk og følgje opp tiltak. 

Staten har ansvar for å rekruttere fosterheim og for barnevernsinstitusjonane. Sjå meir om dette på Bufetat.no.

Melde frå til barneverntenesta

Du kan melde frå til barneverntenesta skriftleg eller munnleg, over telefon eller ved personleg oppmøte. Meldinga di kan òg vere anonym dersom du er privatperson. Offentleg tilsette kan ikkje vere anonyme.
Om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernet. Du treng ikkje vere sikker på at noko er gale før du melder i frå. Når du har sagt i frå, er det barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgjast opp.

Slik melder du frå

Gå til digitalt skjema for bekymringsmelding (for privatpersonar)

Gå til digitalt skjema for bekymringsmelding (for offentleg ansatte og fagpersonar med meldeplikt)

Vi oppmodar til at det digitale skjemaet vert brukt for sikker og effektiv innmelding til barneverntenesta. Dersom du ikkje har mogelegheit til å bruke det digitale skjemaet eller som privatperson vil vera anonym, må du laste ned meldingsskjema.

Melding til barnevernet - Word

Etter at det er utfylt må det skrivast ut og sendast i posten til Hallingdal barnevernteneste, Postboks 9, 3571 Ål.

Kontakt med barnevernet

Kva kan barnevernstenesta hjelpe til med?

  • Vera ein drøftingspart for alle som har ei bekymring kring eit barns oppvekst. Sakar kan drøftast anonymt.
  • Gi råd/rettleiing til barn/ungdom.
  • Ulike tiltak til barn/ungdom/familien etter Lov om barneverntenester.
  • Henvise til andre instansar, eks. BUP, familievernkontor m.m.
  • Anbefale plass i barnehage eller skulefritidsordning
  • Rettleie om foreldrerolla
  • Gi kortare eller lengre opphald på institusjon eller fosterheim.

Når bør du ta kontakt med barnevernet?

  • Når du som barn/ungdom ikkje har det bra, og meiner at du og familien din kan trenge hjelp frå andre.
  • Når du som forelder kjenner at famlien treng hjelp til å hantere kvardagen.
  • Når du ser at eit barn ikkje får dekket sine grunnleggjande behov for omsorg og tryggleik.  
  • Når du har mistanke om at eit barn blir utsett for fysisk/psykisk mishandling eller seksuelle overgrep.
  • Når du er bekymra for at foreldre har rusproblem
  • Når du er bekymra for at foreldre har store psykiske problem
  • Når du som foreldre er sterkt bekymra for barnet/ungdommen din

Korleis tar du kontakt med barnevernet?

  • Du kan skrive til oss - og oppgi namn eller være anonym
  • Du kan ringe til oss - og oppgi namn eller være anonym
  • Du kan ta kontakt for å avtale eit møte hos oss

Kva skjer når du tar kontakt med barnevernet?

  • Du får anledning til å snakke med ein i barnevernet om det du har på hjertet.
  • Du får generell informasjon om korleis barnevernet behandlar henvendelsane dei får.
  • Du får råd/rettleiing ifht korleis vidare gang vert.

Kva legg barnevernstenesta vekt på?

  • Omsynet til barnets beste er det aller viktigaste for barneverntenesten.  
  • Medverknad frå barnet/ungdommen vert vektlagt.
  • Samarbeid med foreldre og barn/ungdom - samarbeid er ei forutsetning for å finne gode løysingar saman.
  • Hjelp til sjølvhjelp.
  • Rett hjelp til rett tid
  • Mildaste inngrepsprinsipp.
  • Teieplikt i barnevernssaker
Hallingdal barnevernvakt

Hallingdal barnevernvakt - tlf. 457 38 963

Opningstider:

Måndag - fredag kl. 16.00 - 08.00
Heile døgnet i helg og på heilagdagar

Barnevernvakta er barneverntenesta sin akuttberedskap, og er ei bakvaktsordning utanom ordinær kontortid. 

Primæroppgåvene er å bistå familiar, barn og unge i akutte situasjonar (gjeld ikkje ungdom som er 18 år og eldre).

Ein akutt situasjon betyr i praksis at barnet kan ta skade om situasjonen ikkje vert endra raskt. Dette er situasjonar som er så alvorlege at dei ikkje kan vente til neste dag, men der ein må bistå umiddelbart. 

Alle tiltak barnevernvakta iverksett, er heimla i Lov om barneverntenester. 

Kven kan kontakte barnevernvakta

Alle innbyggjarar i Hallingdal kan ta kontakt med barnevernvakta dersom dei er kjent med ein alvorleg situasjon som involverer barn og der det trengs bistand frå barnevernet.

Nyttige lenker

Barnevernet.no

Lovdata

Nasjonalt bibliotek for barnevern og familievern

Adopsjon

Informasjon om adopsjonsprosessen finn du her: Bufetat.no 
Kontaktinformasjon:
Bufetat, region sør Postboks 2233, 3103 Tønsberg Tlf. 466 15 000.
E-post: postmottak@bufetat.no

Alarmsentral for barn og unge   

Saman med Justisdepartementet har Barne- og likestilingsdepartementet teke initiativ til ein gratis alarmtelefon for born og unge som er utsette for ulike former for overgrep, vald eller omsorgssvikt.

Alarmtelefonen med nr 116 111 er gratis.   Den kan og kontaktast på e-post alarm@116111.no.
Telefonen er ope mellom 15.00 - 08.00 på kvardagar. Elles er den ope heile året - i helger og på hellig- og fridagar.

Du finn meir informasjon her 

Fosterheim

http://www.fosterhjem.no/ vil du bl.a finne informasjon om:
- Korleis bli fosterheim
- Kva er ein fosterheim
- Kven er fosterbarna

Fosterhjemstjenesten i Buskerud
Tlf:.:  46 61 78 00
Epost: fosterhjemstjenesten.buskerud@bufetat.no

Vaksne for barn

Organisasjonen Vaksne for barn