Tale vedrørende åpning av nytt kjøpesenter

2,5 år etter at Olav Thon lanserte planane om eit forretningsbygg i Flå sentrum, er dagen endeleg komen. Denne dagen er starten på ei ny tid  for oss i Flå, på mange måtar.
Flå sentrum har det siste året endra karakter, me går frå 2 butikkar til 15, me får hotell, og me får ein flott ny serveringsstad med lekker mat, ferske bakervarer og gode møte og konferansefasiliteter. Me slepp å køyre milevis for å få oss eit skopar eller ei T-skjorte, det blir mange nye arbeidsplassar og det vil bli meir attraktivt å bu i Flå. I tillegg vil det som skjer i Flå væra med på å gjera heile Hallingdal til ein endå meir attraktiv bu og reiselivsregion.

 Åpning av Bjørneparken kjøpesenter og hotel 7. mai 2010

 

Hadde nokon for 4 år sidan sagt at me 7. mai 2010 skulle åpne kjøpesenter og hotell på Vikjorde, så er eg redd vedkommende hadde vorte stempla som galen.

Men så kom Olav Thon til Flå. Me var over oss av begeistring då Thon gav 30 000 til bjørneparken, slik at det kunne byggjast ein badedam til Rugg. Jubelen stod i taket når det våren 2007 vart lansert planar om Vassfarhall på 1800 kvm i bjørneparken. Og eg trudde knapt mine eigne øyru då Thon ringte hausten 2007 og sa at me burte vel hatt eit forretningsbygg i Flå sentrum. Han kom berre ruslan - sa Kristen Gandrud. Men rusle er vel noko av det Thon gjer minst. Her har det vore full fart frå november 2007 til i dag. Og sjølv om prosjektet vart hefta med eit halvt år medan SVV inngikk kompromiss med seg sjølv. Så er alt klart til åpning i dag.

Det å drive med næringsutvikling i Flå har ikkje vore lett. Sjølv om det dei seinare åra har vore fleire suksess historier som Novema, Hallingkonsult, Flå bil og traktor blant fleire og ikkje minst utviklinga i fjellet med Høgevarde, Vassfarfjellet og Reinsjøfjell som dei viktigaste. Så har me mangla den store motoren, den har me fått no.
I bjørneparken blir tilbudet stadig utvida og utvikla.
Eit amfi med 1200 sitteplassar vil være klart til premiere på dyrene i hakkebakkeskogen 1. juli. Klappedyr, elg, hjort, rådyr og 5 små bjørneungar ventar på ny besøksrekord. Satsinga på Bjørneparken i 1997 var riktig og viktig for ein kommune som trong næringsutvikling.

”Det nytter ikkje i Flå,” var noko av det første eg hørte etter at eg hadde flytta hit i 1994. Jo, det nyttar i Flå. Berre siste veka har eg hatt 3 trauste, forsiktige personar som er støe som fjell og som aldri ville finne på å kaste seg på ein flopp, innom kontoret. Alle tre har spenstige planer som dei ynskjer å realisere no. Detta har me tenkt på i mange år, no er tida inne til å satse, si dei alle 3. Dette må kallast Thon effekt.

Det viktige er, at i dag er det ikkje slutten på ein byggeperiode, men det er starten på ei ny tid, med Flå som turist destinasjon, med eit nyskapande, aktivt og attraktivt næringsliv, med hyttebygging, nye hus og boligfelt og med fleire nye innbyggera.

Olav Thon har dei siste 2 åra invester 250 mil. I Bjørnepark, Hotel og kjøpesenter. Dette er summar som er vanskeleg å fatte for uss vanlege folk, men det er ca 3 kommunebudsjett for Flå kommune. Det verste er at han påstår at dette berre er ein begynnelse. Og den første fortsettelsen er eit leilighetsbygg med 33 leiligheiter og butikk i kjellaren.

Eg har sagt det før, men eg gjentek det gjerne. Olav Thon har gjort noko med psyken vår. Me i Flå har fått tru på oss sjølv. Frå å ha vore nederst i dalen, så er det ingen som lenger ler når me seier Flå- først i Hallingdal.

På ein dag som denne er det mange som skal takkast. Eg vil begynne med å takke alle dei i Flå som aldri mista trua på at det gikk ann å få til noko. Sjølv om det for 20 år sidan gikk seriøs debatt i Hallingdølen om Flåværingar generelt var dumme og late. Eg vil få takke alle både lokalt og sentralt som har bidratt til at planane for bygget kunne bli godkjent, og eg vil takke og si at eg er imponert over den arbeidsinsatsen som ulike firma har lagt ned for å få bygget ferdig på 1 år.

Og til slutt vil eg på vegne av alle oss i Flå få takke Olav Thon for at du såg muligheieter i Flå, at du valgte å satse, og for at du har gitt oss trua på oss sjølv. Det siste er kanskje det viktigaste. Dette er distriktsutvikling og samfunnsbygging i praksis. Flå er ein interessant plass sa Thon i eit intervju med Hallingdølen. Ja det er det faktisk fleire og fleire av oss som trur på.

Eg vil og få ynskje all butikkkjeder og dei som skal jobbe og drive virksomheit i Bjørneparken kjøpesenter lykke til

Og eg vil selvfølgelig også ynskje Olav Thon lykke til med drifta av senteret og Hotellet. Om ingen har sagt det før, velkommen til Flå.

Det er ikkje enkelt å gi gave til ein milliardær. Og spesielt ikkje til ein som helst et frukt og drikk kokt vatn. Men som ei symbolsk gave har me fått tak i eit maleri som er måla av Oddvar Fingarsen, mulitikunstner, opprinneleg fra Gulsvik men bur no på Ål. Det måtte sjølvsagt bli eit bjørnebilde.

Publisert
08.06.2010
Sist endra
08.06.2010

Kontaktinformasjon

Flå kommune
Servicekontoret
Tlf. 32 05 36 00

E-post: postmottak@flaa.kommune.no